Emily

11.12.2020

Emily Macpherson, 30 år, student.

Lillebror

Det er eit juledikt som startar: "Twas the night before Christmas and all through the house. Not a creature was stirring, not even mouse;". Det teiknar eit stille, idyllisk bilde av julekvelden, slik er det sjeldan heime hos oss.

Eg er ei 30 år gammal kvinne, eg er fødd i Skottland, og budd mange år på Sunnmøre. Mamma og familien hennar er engelske og pappa sin clan er skotsk. 

Vi er ikkje ein nevrotypisk familie, eg fekk ADHD diagnose i fjor, og har yngre søsken med autismespekter diagnose og ADHD, så dette er ei forteljing om jula hos oss. 

Jul når eg var lita var magisk. Vi samla store delar av familien frå Storbritannia enten i Norge eller over dammen, og hadde mange tradisjonar. Men dei siste åra har eg gru gledd meg til jul, eg er ekstremt glad i familien min, spesielt minstebroren min, men eg har synes det har vært vanskeleg. Bror min vart fødd då eg var 12, få tradisjonar endra seg dei første åra, men jo eldre og større han blei, blei det fleire utfordringar rundt jul. Han fekk Asperger og ADHD diagnose. Han kan ta utruleg mykje plass, for han har ofte ganske store behov. Så det vart ikkje like enkelt å feire jul.

Når eg blei student vart jul meir slitsamt, eg gledde meg til å kome heim til jul, men vart alltid skuffa. Eg såg for meg peparkakebaking, juletrepynting og brettspel med familien, og koselege stundar saman. Det skjedde ikkje. Eg var utsliten etter haustsemesteret. Eg fekk sjeldan slappa av og henta meg inn i jula, slik som kanskje mange andre får når dei er heime på ferie. Bror min var krevjande, og foreldra mine var heilt utslitne. Eg følte eit ansvar for bror min og for å hjelpe til heime. 

Bror min har vanskeleg med å takle andre sine følelsar, så man kan ikkje bli lei seg eller sint når han er innan rekkevidde. 

Så eg følte at kvar gang eg var heime var eg på vakt, og kunne ikkje slapp av i tilfelle noko skjedde, 

og eg måtte i tillegg trykke ned mine eigne følelsar. Det var mange ulike forventningar rundt kva jul skulle være, og alle blei nok litt skuffa. Min eigen psykiske helse vart verre og verre, og depresjonen min vart ein ytterligere faktor.

På lisjejulaften serverer mamma norsk juletallerken fordi hun meine det blir alt for mykje tung mat to dagar på rad. Julaftan blir nærast som ein vanleg dag for oss, vi et ikkje noko spesielt, bortsett frå dei gongane vi har vært invitert på middag hos norske venar. Viss vi får julegåver frå norske venar får vi lov å opne disse. Før vi legg oss på julaftan, heng vi opp julestrømpene våre, ikkje slik som du ser på TV over peisen, men på kvar sine rom, eg plassere min på den eine knotten på nattbordskuffen min.

Det beste med å bu i eit hus i Noreg, er at dei har som oftast peis, i husa vi feira jul i England og Skottland var det uvanleg med peis. På jul aftan, før vi kryp til sengs, finn vi fram ein mincepie. Det er ein liten pai med smørete botn og topp som smelter i munnen når man tar ein bit, inni finn du fyll som er laga av tørka frukt som har blitt saftig og god med ein søt eksotisk blanding av krydder. Det legg vi på eit lite fat til julenissen «Santa» og noko godt for han å drikke attåt, ved sidan av peisen. Så kastar vi gulrøter uti hagen slik at reinsdyra til Santa også får noko å ete på turen sin rundt jorda.

Deretter roper vi inn i peisen, opp i pipa til Santa om alt vi ønsker oss til jul. Dette blir jo enda meir magisk å kunne rope dette opp i pipa og opp i lufta til han som flyg verden rundt på sleden sin. Eitt år feira vi jul i Skottland, i den koselege lisje stova var det gasspeis, den hadde eit lite ventilasjonsrøyr ut i hagen bak huset. Bror min og eg sat framfor peisen, og plutseleg høyrde vi ei stemme som svarte. I seinare år fant vi ut det var onkelen vår!

I fjor ropte bror min opp til julenissen at han ønska seg gaming pc, playstation, headset, spel, ny telefon, og ein pakke med non stop...

Så får vi også ta oss eit glas med mjølk og noko godt å bite i. Mamma handlar inn masse godsaker som vi skal ha i jula, twist posar, kjeks, sjokoladeplater, kalkun, laks og alt mogleg, nok for å mate ein liten hær i ei veke! Mykje av dette har ho ofte kjøpt tidlegare i desember, og må finne lure plassar å gøyme dette på, i den nedste skuffa midt på kjøkkenet i ein stor kasserolle kan du kanskje finne kjekspakke. I salatskuffa, under salaten, finn du kanskje sjokolade. I eit skap over det innebygde kjøleskapet, som man må bruke ein stol å klatre på for å kome til er det julekake, nokon ting må ho til og med legge i garderobeskapet bak en haug med genserar.

Du kan også vedde på at eit eller anna blir gløymt og funne igjen rundt påsketider, eller kanskje seinare. Då kjem det som regel eit overraska brøl: «Åh der var dei, eller eg hadde gløymt at eg hadde kjøpt desse!»

Ja, det er sikkert andre som gøymer unna mat og julegåve, men hos oss er det ein nødvendigheit.

Bror min finn sjeldan på noko særleg ille når han er utan tilsyn, men han kan finne på å ete opp all maten han finn.

Heil pakke med fenalår. Opp ete. Einaste som ligg igjen i kjøleskapet er ein tom blå plastikk pakke. Ein pose med eple, finn du berre ein sti av epleskrott lagt igjen rundt om i huset. Boks med julekaker. Borte vekk. Laksen som mamma har handla inn til forretten, den maula han i seg. Den tomme pakken kasta han frå seg på kjøkkenbenken, til glede for katten som hoppar opp og sleiker seg godt rundt leppene. Fant til og med ein gang ein halvspist kilos pakke Norvegia med ferske bitemerke i. Vi kan aldri kjøpe is, for han et opp heile pakka på ein gang, og det er ikkje like lett å gøyme.

«Du må berre ta det som eit kompliment at eg likar maten din Emily, og difor måtte eg berre ete opp alt med ein gang,» 

sa han til meg ein gang eg hadde bakt småkaker. Han hadde ete opp alt saman før eg ein gang hadde rukke å ta dei av kjølerista og putta dei i boks. Det er ikkje råd å forklare han at andre kanskje også ville ete nokon, eller i det minste få smake på. Forståing for andre sine behov har han ikkje alltid. Ja, der og då blei eg nok litt irritert for eg også kunne jo ha tenkt meg å smake ein kake som eg hadde stått i mange timer å laga, men det taklar han ikkje å høyre. Konsekvensane over å bli lei seg med han i rommet han er ikkje verd det. Så eg kan ikkje anna enn å smile når han kjem med slike kommentarar, for det er ikkje vondt meint.

Vi kjøper ofte med oss ein julepudding frå Storbritannia når vi er der på ferie, som vi spis til dessert etter julemiddagen vår. Ein sommardag i fjor så fant mamma den tomme emballasjen liggande på kjøkkenbordet, broren min hadde vært på tokt i skapet og funne årets julepudding, fått lyst på, varma opp og spist opp heile som ein liten snack. Julepudding er ein mektig fruktkake som har godgjort seg i mange månader, den kan stå i årevis og blir berre betre. Folk flest et kanskje eit par dessertskeier og er mette, ein slik pudding kan mette omtrent seks personar. Den åt han som eit mellommåltid. Heldigvis har vi ein veldig snill mormor som sendte ein ny i posten, veit ikkje om det er heilt lovleg, men det blei vertfall julepudding til jul det året også. Han kan ete, ete og ete utan å bli mett, han et gode måltid saman med resten av familien, men så trur han fortsett at han er svolten. 

Vi skulle hatt lås på både kjøkkendøra og kjøleskapet, men lirking av låser lærte han seg for mange år tilbake, 

så det er til inga nytte. Hadde vi låst kjøleskapet med kjetting hadde han nok berre gått i garasjen og funne verktøy for å klippe den, han kan være utruleg målretta og løysningsorientert når han først setter i gang.

Så mamma må berre forsette å gøyme unna maten, og håpe på det beste, og ikkje la han være åleine heime rett før jul, og tvinge han i seng når alle andre legger seg for å unngå freistinga av ein midnattssnack. Då er vi over i den neste kampen vår, få han i seng.

Det har vært ein kamp så lenge eg kan hugse, han vart fødd når eg var tolv år gamal, så vi har nok eit litt anna forhold enn berre søsken, spesielt sidan eg har alltid vore ein omsorgsperson av natur. Så eg kan hugse å prøve å få han i seng som småbarn, og det var ikkje like lett som «ekspertar» på TV skulle ha det til, takk Supernanny.

Somme år var julaften den enklaste kvelden å få han i seng, for viss ikkje han sovna så var han redd for at han ikkje vakna til dei julegåvene han ønskja seg. Elles så nekta han å legge seg, igjen eg veit det er nok andre som har dette problemet med barn utan diagnose. Men dette er ein fysisk kamp for å få han til å pusse tennar, kanskje er det mange dagar sidan han vaska seg sist, for å ikkje snakke om den siste kampen om å få han til å faktisk legge seg i senga hans. Det var ein ting når han var ein liten gut, og man kunne berre løfte han opp å bære han i senga, jo større han blei jo vanskelegare blei dette.

Ofte så er det ein av oss som går ned til kjellarstova der han sit på pc-en for å få han til å legge seg, og resten av familien sit oppe i stova. Det går ofte ikkje lenge før det blir intens leven i underetasjen, overgangar er vanskeleg for han, sjølv om det kan være noko han likar. Han er så oppslukt i det han held på med at han ikkje klare å bevege seg vidare.

Så kjem det fleire kræsj lydar og roping, så dunk i veggen. Jepp, der slo han i veggen igjen, skal tru om det blei eit nytt hol, og der small det i dørene. 

No kjem han dundrande opp trappene for å klage til oss at han føler seg urett behandla, eller kanskje han har blitt så sinna og frustrert at han trampar vidare til det skapet mamma har forsøkt å gøyme unna knivane. Er man ikkje rask nok og stoppa han frå å kome inn i skapet, så tar han ein kniv og er truande mot oss eller seg sjølv. Så kan det snu, like fort som det starta. Han er roleg igjen, og då kan han klemme oss og vi kan sette oss framfor peisen for å fullføre juletradisjonane våre. Kanskje så dusje han til og med før han legg seg, men så var det kampen om å få han ut av badekaret eller dusjen da...

Julemorgon, 25. Desember.

Bror min, fram til han var godt opp i tenåra vakna ugudleg tidleg, uansett dag, han har rom i underetasjen. Han kom springande opp trappa, dette vakna eg ofte av, før han kom sprintande bortover gangen, brast inn på rommet mitt og hoppa på meg i senga mi. Igjen så var dette greitt når han var liten, men ikkje like hyggjeleg å vakne av å ikkje få puste når han vart ein del større.

Etter å ha blitt vakna på denne måten samlar eg meg, sette meg opp på sengekanten med hår i alle retningar og inspisere julestrømpa mi. Med eitt øye opent labbar eg i halvsøvne inn på naborommet til mamma og pappa med julestrømpa i handa, etter mykje masing frå bror min. Han har allereie revet av papiret på alle smågåvene frå julenissen, papiret ligg strødd i senga, og han sit godt planta i senga mellom foreldra våre og utforskar det han har fått. Eg finn plass nedst i senga pakka godt inn i dyna mi. Vi får ofte nye sokkar, kanskje ein tannbørste, sjokolademynter, og mamma får alltid ein sjokoladeappelsin i sin strømpe.

Etter vi har alle opna strømpene våre, så et vi frukost. Santa har spist opp paien, det ligg berre att smular, og reinsdyra har ete opp gulrøtene, og kanskje er det spor etter dei i den gjørmete hagen. Som barn var vi spente om vi hadde fått gåve. Det var magisk å gå inn i stova og sjå under det glitrande treet. Vi har en regel om at vi opnar ikkje dei gåvene før etter vi har ete frukost og kledd på oss. Bror min kan i starten være utolmodig medan vi vaskar opp etter frukosten, og gjer oss klar for dagen. Enten så vil han opne pakker med ein gang, og masar, eller så kan han plutseleg begynne å holde på med noko anna, og då må vi overtale han til å bli med på seansen. Det er vanskeleg å overtale han til å vente på tur, og han finn fram berre sine eigne pakker om han får dele ut. Til slutt får han berre gjere akkurat slik han vil.

Bror min er veldig enten eller, han vil ha noko kjempe dyrt i gåve for han ikkje heilt har fatta konseptet pengar, eller er super glad for å få noko lite. I fjor vart han utruleg glad for at eg ga han ein liten pakke britisk sjokolade som eg fant billig på ein butikk i Oslo, som ikkje finnes i lokalbutikken på Sunnmøre. Han sa det var ein av dei beste gåvene han fekk, og så like etterpå vart han skuffa at han ikkje fekk non- stop pakken han eigentleg ønska seg.

Rundt kl. 15 ser vi på dronninga sin tale, så et vi middag. Omtrent heile dagen har kalkunen stått og godgjort seg og spreidd deilige dufter i huset medan den har stått i ovnen. Bror min får vi kanskje med oss til middag om han får lov til å ha med seg ein telefon eller pad.

Første rett er røyka laks, med sennep saus og flatbrød. Til hovudrett bogne tallerkenen med mat. Saftige kalkunskiver, sossiser surra i bacon, stuffing, sky, «roast» poteter med sprø skorpe og som er fluffy på innsida, gulrøter, erter, brødsaus, og sist men ikkje minst rosenkål. Broren min kan absolutt ikkje ete noko som er grønfarga, så rosenkål et han vertfall ikkje og alt anna på tallerkenen kan ikkje være borti kvarandre, men kanskje vi får lurt i han nokre erter. Favoritten til både meg og han er brødsausen, som er laga av mjølk som er kokt opp sakte med litt lauk og nellik, så siler man bort det og tilsett brødsmule og skalk, til ein god tjukk saus.

Maten får sige ned medan vi ser på TV, og eit par timer seinare varmar vi opp julepuddingen. Pappa varmar litt brun brennevin, som han tømmer over den mørke halvkula, med eit lite stjerneskot på toppen. Han tenner ein fyrstikk, tenne på stjerneskotet, set fyr på alkoholen så den brenn med spektakulært blå glød eit augneblink. Så får vi eit stykke i ein skål med litt fløte, og ein god kopp med te.

Så er dagen omme, vi er gode og mette, med nye sokkar, og kan starte kveldsrutina på nytt.

Sjølv om bror min er ofte frustrert, kan ete opp alt og øydelegg mykje, så har han eit godt hjarte og han gir dei beste klemmene. Det er ordentleg bamseklem! 

For ikkje å snakke om alle historiene eg har om han, eg angrar på at eg ikkje har notert ned fleire før!

Så i år for første gang, gleder eg meg faktisk til jul. Eg har trua på ei kvit jul. Eg bur på Lillehammer, med snøgaranti og god julestemning. Eg har eit betre forhold til familien enn eg har hatt på lenge etter mange år med terapi, og det er ingen forventingar, og ingen stiller nokon krav. Vi skal ha lågterskel jul, med berre oss, og kan gjer det som passer oss best.

Vit at du er aldri åleine i det du står i. Det eg har lært er å finne glede i små augneblikk, det er ikkje alltid det er morosamt der og då, men det kan bli gode historie av det. 


Emily MacPherson har inntil nylig vært masterstudent, droppet ut grunnet helsen, og skal nå finne ut hva det neste steget i livet er.

Hun er en engasjert studentpolitiker som er glad i mennesker, hun vil at alle skal bli sett, hørt og ha det godt. Liker å være blant folk og ta seg tid til å prate med de hun møter, noe hun savner litt i den tiden vi er inne i. Hun er opprinnelig fra Storbritannia, har vokst opp på Sunnmøre og bor for tiden i Lillehammer.